Et innlegg fra bloggen Norsk Bridgepresse Norsk Bridgepresse

Norsk vinnarvilje i Ungdoms-VM

 Det har vore fin underhaldning å fylgje med på Ungdoms-VM, med gjennomgåande god innsats av dei norske laga. U20-laget måtte diverre gje tapt for Söta bror i semifinalen, men eldstelaget kjempa seg fram til finale ved å slå Kina i kvartfinalen og Polen i semifinalen. I båe kampane såg det eigentleg stygt ut i dei to fyrste sesjonane, ein heil del feil som utvilsamt burde vore unngått, men i slike situasjonar må ein sjølvsagt alltid hugse at lange kampar inneheld mange spel ein kan bruke til å revansjere feila. Båe kampane snudde i tridje sesjon, og i den fjerde og siste sesjonen heldt Noreg stilen og susa inn.

Eit spel frå kampen mot Kina, inneheldt eit instruktivt poeng som diverre vart oversett av mange, mellom desse heldigvis kinesaren.  

            ªAQ6432
                       
©6
                       
¨Q952
                       
§82

ª-                       ª985            
©K92                         ©AQ1074
¨KJ83                       ¨A10
§KQJ1076                §A43

            ªKJ107
                       
©J853
                       
¨764
                       
§95

Spelet er allereie omtala hjå Snorre Aalberg med skryt av  nordmannen Kristian Ellingsen, men det er viktig også å kritisere kinesaren. Ellingsen sat i vest og opna 1 kløver. Nord gjekk inn med 2 spar, Harald Eide melde 3 hjarter, og sjølv i ugunstig sone klaska sør til med 4 spar. Ellingsen melde no 5 grand, ei god melding, for å få makker til å velja ein slem. Han hadde jo hjarterstøtte, men såg at 6 hjarter kunne vera sårbart med skeiv trumfsits. No kom nordmennene i den fine kontrakten 6 kløver, der det var 13 stikk ved å stela god hjarteren for eitt ruteravkast og trumfe ein ruter. 7 kløver er sjølvsagt heilt kanon, men i slike spel der motparten blandar seg inn, må ein til regel vera nøgd med å nå ein god lilleslem. Ikkje minst når kinesaren på det andre bordet gjekk beit i sin lilleslem! Han kom i 6 hjarter, fort gjort, og einskilde kommentatorar var snøgge med å skrive at denne med spar ut går beit i "praktisk bridge". Det er naturlegvis berre tull. Etter spar ut til steling er "praktisk bridge" i lagkamp å segle hjarter ni! Ein treng ikkje vera nokon rakettforskar for å sjå at dette spelet kan gå til skogen om trumfen sit 4-1 på ei av sidene. Det er altså livsfarleg å gjera som kinesaren gjorde, spela to store trumf. Når sør får for hjarter knekt i andre stikk har han inkje mottrekk: Ny spar stel ein med kongen, dreg seg inn på handa på ruter ess, tek ut trumfen og krev resten. 

Denne slemmen kom som den siste spelet i andre sesjon mot Kina, og la eit grunnlag for den heidundrande bridgen nordmennene presterte i tridje sesjon, som altså førde dei til semifinale. I tridje sesjon mot Polen kom fylgjande vesle venleik signert Kristoffer Hegge, på eit tidspunkt der polakkane leia 68-38. Etter dette spelet verka det som dei miste grepet.

ªQ53
©AJ6
¨Q832
§K43

ª86               ªKJ92            
©1084            ©Q972
¨J1054          ¨A7
§QJ98          §1052

ªA1074
           
©K53
            
¨K96
            
§A76

Meldingsforlaupet var det same på båe bord, 1 grand i sør og 3 grand i nord, pass rundt. På båe bord spela vest kløver dame ut til dukk, ny kløver til esset i sør, før ein spar gjekk til dama og kongen. Ny kløver gjekk så til kongen, og der vart vegane skilde. No må eg vel seia at polakken Tuczynskijs føring vekkjer sympati, spar til tiaren og ruter opp mot dama. Førebels veit ein berre at vest har lengda i kløver, så slik sett kunne han fort ha hatt ruter ess dobbel. No vann Harald Eide i aust med esset og spela spar knekt attende til esset, og Tuczynskij vona ruteren sat 3-3 då han spela ruter og meir ruter. Men Ellingsen hadde no beita i minor, som vel å merkje skviste Eide i major slik at det berre vart éi beit, ei fattig trøyst for polakken, som nok såg at han kunne vunne kontrakten. Inne i bordet på kløver konge spela Kristoffer Hegge meir aktuelt, då han drog ruter til kongen og deretter dukka ut ruter ess. Aust kom inn og spela spar attende til tiaren, og no hadde nordmannen plutseleg full kontroll her: Ruter til dama stadfeste det han allereie visste om rutersitsen, deretter ein spar til esset, og då fargen ikkje sat var det berre å ta hjarter konge og spela aust inn i spar. Som venta hadde han ikkje anna enn hjarter att å spela, opp i ess, knekt for 400 blanke. 

No kan eg diverre ikkje skrive meir, då finalen har byrja og vi alle sjølvsagt må fylgje med på Noreg der. Når Israel i år ikkje deltek, må vi seia at Polen frå start var favorittar til å vinne VM i Juniorklassa. Når våre dyktige juniorar greidde å slå ut polakkane, bør det vera gode sjansar for òg å overvinne Nederland – og ta gullet med heim til Noreg.  

Kommentarer

Logg inn for å skrive kommentarer.