Et innlegg fra bloggen Snorre Aalberg Snorre Aalberg

Litt statistikk

Av Bjørn Svela

Hei Snorre


Jeg har laga meg litt deltakingsstatistikk basert på dei tre siste opne EM. Som tidlegare påpeika er det open klasse, og særleg ope par, eg er litt bekymra for. Men denne tevlinga startar jo ikkje før 7. juli og mange vil sikkert melde seg på i Tromsø. Med tanke på det store potensialet i seniorklassa, er eg sjølvsagt og samd med Jostein Sørvoll. Ut frå medlemsmassen i NBF burde jo seniorklassa vore størst :)

Eg reknar også med at mange, som meg sjølv, vil ta turen til Tromsø utan å melde seg på til EM-tevlingane. Det er jo massevis av bridge også for oss som synes EM ligg litt over kompetansenivået :)  Side- og kveldsturneringar i NBF-regi kvar dag + 4 større opne par- og lagtevlingar i EBL-regi i løpet av EM (inkl. Marit Sveaas-turneringa).

Hadde jo vore kjekt om nokon hadde oversikt over korleis påmeldingane har fordelt seg tidlegare år og kor mange ein kan vente den siste månaden?

 

Lag EM for junior ser ut til å ligge toleg bra i løypa, og den nye "kids" klassa har tydeleg slått an. Her går påmeldingsfristen ut alt 5. juni. 

Pr 1.6.2015:
U25 - 18, U21 - 14, Jenter - 6 og "Kids" - 12

I 2013 var deltakinga slik:
U25 - 21, U21 -18 og Jenter -9

MVH

Bjørn Svela
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------  

  

Kommentarer

Eg tar på meg alt skuld. I mailen starta Herr Svela fyrste setningen utan subjekt, men gjekk rett pau verbet "har laga". Difor hang eg pau eitt "jeg", men beklagar sterkt at det ikkje vart "eg"

Rett nok kan eg til tider vera forvirra, både språkleg og på andre måtar, men å innleie eit innlegg på nynorsk med "jeg".......... dette får Snorre ta på si kappe :)

Totalt 2 kommentarer

Logg inn for å skrive kommentarer.