Et innlegg fra bloggen Snorre Aalberg Snorre Aalberg

Kom dykk til Tromsø!!

Av Bjørn Svela

 

 Hei alle bridgespillere

Jeg møter stadig bridgespelarar som ikkje skal til Tromsø fordi det er for dyrt. Sjølv har eg ordna meg flybilett og enkeltrom på hotell eit par hundre meter frå spelelokalet til ein billegare totalpris enn det eg har pleidd å betale på Lillehammer og i Fredrikstad. Bestilte rett nok i svært god tid, men poenget mitt er at det ikkje treng vera dyrare å reise til Tromsø enn til dei andre "festivalbyane" - i alle fall ikkje for oss som ikkje bur i "gangavstand" til Lillehammer og Fredrikstad :)

Visst er det dyrt å delta i EM-tevlingane, men eg veit at eg kan få spelt sideturneringar heile dagen - og kvelden og - om eg vil, til vanlege "festivalprisar". For ein utan større resultatambisjonar er det meir enn godt nok. 

Mitt spørsmål til alle bridgevenner er: Vil de verkeleg gå glipp av dette? Og til dei klubbar som har litt reservar på bok - gjer som oss i Klepp BK og gi ei symbolsk pengestøtte til medlemmar som vil delta i EM-tevlingane! (Vi gir etter søknad kr 500 til startkontingent + kr 500 i reisestøtte)
 
 
MVH
Bjørn Svela

Kommentarer

Høyrer ikkje så mykje frå NBF og arrangørapparatet i Tromsø. (Det gjer ikkje noko om de tenkjer litt høgt, vi er mange som er opptekne av at EM i Tromsø skal bli eit godt og minnerikt arrangement.) Anar ingenting om når påmeldingane kom til ope EM i Belgia og Polen, men det ser jo ut som påmeldingane er ganske bra i rute for både Mix-par og -lag samanlikna med desse. Det er i open klasse, både for par og lag det førebels ser noko skrint ut. Kor stor deltaking håpar og trur ein på - og kor stor del av påmeldingar kan ein erfaringsmessig vente den siste månaden? Til festivalane meiner eg plent å hugse at ein stor andel plar tikka inn siste månaden.

Totalt 1 kommentarer

Logg inn for å skrive kommentarer.