Tråd: Bridgefestivalen - og bridgen si framtid

Du kan logge inn på linjen øverst på siden under hovedmenyen. Du må være medlem av NBF for å logge inn. Har du ikke fått tildelt brukernavn og passord - kontakt NBF. Har du glemt passordet? Trykk her

Reply top
16. august 2012 21:33:42

Etterlyser debatt og engasjement på nett i bridgemiljøet - og legg difor ut også her nokre tankar etter første Brigdefestivalen i Fredriksatd

Bridgefestivalen er over for dette året. For eigen del blei det ein nedtur, men det kan verken Inger eller NBF lastast for. For det første valde eg å bu i Sarpsborg. For så vidt greitt nok det, men eg mista kontakten med den viktige sosiale biten utan kort – så neste år blir det hotell i Fredrikstad, koste kva det koste vil!
Og så fekk eg kasta på meg ein skikkeleg heftig forkjølelse – og valde å venda nasen heimover to dagar før planen.

Men eg fekk då sett, prøvd og opplevd nok til å ha ei relativt kvalifisert oppfatning av Fredrikstad og Kongstenhallen som festivalarena kontra Håkons Hall og Lillehammer.

Det er ingen tvil om at Kongstenhallen er eit betre og meir eigna spelelokale. Eit meir intimt, men stort nok lokale. Alle fasilitetar på eitt plan, godt inneklima (men held det når det er 30 grader ute?) og fungerande lydanlegg. Teknisk fungerte og arrangementet så lang vi klarte oppfatte utan plett og lyte. Så alt i alt ros til Inger og staben hennar og NBF for eit godt gjennomført arrangement.

At geografien er slik laga at fleire måtte gå/køyra lenger for å koma til spelelokalet enn vi er vane med frå Lillehammer kan ein lite gjere med – og vi høyrde heller ikkje mange som klaga på dette. Parkeringsfasilitetane var og tilfredstillande, sjølv om nokre tykte det var langt å måtta gå ”heile” 300 meter.

Litt refleksjonar over kva som kan bli betre:
- Når skal bridgespelarar læra seg at mobiltelefon ikkje høyrer heime i eit NM? Det må då i det minste gå an å setja telefonen på lydlaust, sjølv om det strengt tatt er forbudt å ha han med?
- Og røykjarar (ja, eg tilhøyrer sjølv den rasen) må vel kunna klara respektere huseigaren sine reglar og bevege seg litt meir enn to meter frå inngangen? Utearealet ligg godt til rette for å lage til eit greitt røykeareal i høveleg avstand frå inngangspartiet.
- Deltakinga var dårlegare enn vanleg på heile fjøla dette året (trur eg - utan å ha gjort noko nøyaktig opptelling). Dette kan ha ei naturleg forklaring i forskyvinga tidsmessig og ferietilpassing. Ser heller ikkje bort frå at kollisjonen med OL kan ha hatt ein viss innverknad. Men det som undra meg mest var at oppmøte frå lokale spelarar var overraskande liten. Det kan vel ikkje Østfold og Follo med sitt medlemstal og aktivitetsnivå vera nøgde med – avstanden til Oslo er jo heller ikkje avskrekkande.
- NBF har delt festivalprogrammet i den ”seriøse” delen med ei rekkje NM og det dei nå kallar ”Bridge for alle” med sideturneringstilbod. Dette er vel og bra, men oppslutnaden om BFA-tilbodet er altfor dårleg. Eg har ingen fasitsvar, men trur kanskje ein burde redusera det ”elite-programmet” litt, kanskje også jfr. Snorre endre litt form og profil på NM-par (og Monrad-Par). Dårleg deltaking på sideturneringane og kretsturneringane under BFA mislukkast totalt dette året, på same måten som kløvernålsturneringane har overlevd seg sjølv tidlegare. Kanskje ein kunne kikka litt til Sverige med deira sølv- og bronseturneringar med stor oppslutnad? Skal ein blande elitebridge og hobbybridge må ein meina litt meir alvor med ”Bridge for alle”
- Fleire har klaga over at det ikkje blei uttgitt bulletinar dette året. Personleg trur eg dette var eit fornuftig og kostnadsparande tiltak. Men då forventar eg samstundes at festivalwebben, facebook m.v. vert brukt atskilleg meir effektivt og målretta for å ivareta bulletinane sin funksjon.

Til slutt eit godt tips frå Erling og Kjell som eg alt har teke vidare til Inger. Få opp ein storskjerm med BBO-overføring t.d. i eit av kafeterialokala. Det vil både skåna spelarane på BBO-bordet og vera eit betre tilbod til både dei som har spelefri og andre tilskodarar.

Alt i alt – ros til arrangørane for ein fin festival i Fredrikstad. Dårleg deltaking er eit problem. Hovudløysinga på det problemet ligg i rekruttering – og der er det VI ute i klubbane som MÅ ta eit krafttak om ikkje sporten eller hobbyen vår skal døy ut!!!!!

Reply bottom


Reply top
19. september 2012 16:09:20

Hei Bjørn og tusen takk for tilbakemelding!

Nå har jeg fått gjort en opptelling og kan rapportere om at BFA-klubb hadde en økning i deltakelsen på hele 81 par totalt. Kveldsturneringene har hatt en reduksjon i deltakelsen og hovedårsaken ligger nok i at de som hadde overnatting ved hallen/motellet/campingen/Gamlebyen ikke tok seg tida til å delta på kveldsturneringene i år. Veteran hadde også en flott økning i deltakelsen. I de resterende turneringene var det kun mindre endringer.

Vi sees til neste år happy


Mvh
Inger

Reply bottom