Det blei overlegen siger til Lisbeth Glærum og Anne Mørch måndag 26. mars. 66% score var god klaring til Bjørn Hauge - Frode Dyrstad på andre med 57,6%. Tredjeplassen gjekk til Marianne Birkeland - Ole Kvamme med 56,9%.
Resultat og spelstensilar
Neste måndag er 2. påskedag og ingen speling. Vi speler som vanleg måndag 9. april før det måndagen deretter blir simultanturnering.
For dei som vil sjå bridge i påsken går verdas kanskje sterkaste juniorturnering denne veka i Amsterdam; White House juniors Internationals. Thea Hauge speler på det norske laget. Det er BBO-overføringar kvar dag. Spelinga startar i 11-tida på føremiddagane og går heile dagen.
Alt om Whitehouse på denne linken
Lukke til i Nederland, og god påske til alle.