Avansert søk


Ny nyhetsartikkel

Det er lagt ut terminliste for våren 2015.

Godt Nytt År til alle.

Tore Bårdsen og Øyvind Haga vann juleturneringa

Årets høgdepunkt på bridgefronten på Os; juleturneringa, blei arrangert søndag 28. desember. Eldresenteret var nok ein gong stappfullt i bridgespelarar – 35 par deltok denne gongen. Som vanleg blei turneringa stødig leia av Leif Gunnar Kleppevik, og med unntak av at vi slapp opp for kaffi-filter på kjøkenet gjekk heile turneringa knirkefritt.

Det blei ei spennande turnering, og før siste runde var i alle fall 5 par i posisjon til å ta heim sigeren. Beste spurten hadde Tore Bårdsen og Øyvind Haga (biletet), og dei vann dermed turneringa med Tor og Christian Bakke på andreplass. Tredjeplassen gjekk til Sigurd Østerbøvik - Jim Høyland.

Fullstendig resultatliste med spelstensilar her

Liste over vinnarar av tidlegare års turneringar her

Takk for denne gong, og vel møtt til ny juleturnering om eit år eller så!