Kræsjkurs i bridge

Luster BK og Sogndal BK arrangerte 01. mars kræsjkurs i bridge
Det møtte fire vaksne og tre i junioralder. Me starta med at Arnt Ola ynskte alle velkommen, og forklarte litt om kva bridge er, både som konkurranse og som sosial sport. Fred Ledley gjore greie for juniorleiren, han pratte om sine opplevingar på leiren i fjor, og litt om leiren som skal vera i år. Etter at John Inge hadde forklart litt om korleis me bestemmer kva som er trumf, og kor mange stikk ein skal prøva å ta satte me i gang å spele.
Me håpar dette kan føra til eit bridgekurs i Sogndal og fleire lokale deltakarar på juniorleir.
Oppdatert 02.03.2026 13:08
