Klubbinfo
Vedtekter for HEF-bridge
Offisiell skipingsdato: 2015-02-10
Vedteke av skipingsmøtet 2022-11-15 og gjort gjeldande frå same dato.
§ 1 Formål Laget skal fremja gleda ved å spela bridge ved å organisera bridgerelaterte aktivitetar for medlemmane. Laget er frittståande, sjølveigande og partipolitisk nøytralt. Laget er ope for medlemskap for alle som er samde i laget sine verdiar og mål: eit trygt og godt sosialt miljø i eit likeverdig, lojalt, ærleg og demokratisk fellesskap.
§ 2 Medlemskap og årspengar Klubben har berre personlege medlemmar. Årsmøtet bestemmer om laget skal ha årspengar og kor store dei skal vera. Medlemmar som har betalt årspengane og har forpliktingane sine i orden, har rett til å ha påverknad på laget si leiing og drift. Berre medlemmar kan representera laget.
§ 3 Årsmøte Laget sitt høgste organ er årsmøtet. Lagstyret er høgste organ mellom årsmøta. Årsmøtet vert halde årleg innan utgangen av februar. Styret kallar medlemmane inn til årsmøtet seinast 14 kalenderdagar før det vert halde. Seinast 7 kalenderdagar før årsmøtet kan enkeltmedlem, komitear oppnemnde av årsmøtet og lagstyret fremja forslag til årsmøtet. Fullstendig saksliste, styret si årsmelding, revidert rekneskap, innkomne forslag og valkomiteen si innstilling skal vera tilgjengeleg seinast 24 timar før årsmøtet vert opna.
§ 4 Ekstraordinært årsmøte Ekstraordinært årsmøte vert halde om lagstyret eller 1/3 av medlemmane krev det. Innkallinga må skje seinast 7 kalenderdagar før møtet vert halde. På møtet kan ein berre behandla saker som er omfatta av kravet for å halda møtet og som er kunngjort i innkallinga. § 5 Vedtektsendringar Forslag om endring av desse vedtektene skal behandlast på ordinært årsmøte og må vera kunngjort ved innkallinga. Vedtak om vedtektsendring er gyldig om minst 2/3 av dei møtande medlemmane røystar for forslaget. § 6 Oppløysing Forslag om oppløysing av laget skal behandlast på årsmøte og må vera kunngjort ved innkallinga. Oppløysingsvedtaket av laget er gyldig om minst 3/4 av dei møtande medlemmane røystar for forslaget.