Sauda Bridgeklubb arrangerer kurs frå veke 43

07.10.2024 09:59

Kjenner du nokon som er glad i å spela kort? Og som treng ein hobby? Denne hausten inviterer Sauda Bridgeklubb til grunnkurs i bridge!

Bridge er eit klassisk kortspel som har fascinert og utfordra spelarar over heile verda i meir enn hundre år. Spelet krev både samarbeid, taktikk og strategi – og nettopp derfor har det vakse til å bli eitt av dei mest populære kortspela i verda. Det blir spelt på alle nivå – heilt frå sosiale samankomstar i heimen og opp til internasjonale meisterskap med deltaking frå heile verda.

I Sauda har bridgen lange tradisjonar. På det meste har bygda hatt heile fem bridgeklubbar samtidig! I dag blir tradisjonane halde ved like av Sauda Bridgeklubb, som blei stifta i 1936. Klubben har i dag 35 medlemmar og me har tilbod om speling to gonger i veka.

Om du vil læra deg eit nytt spel for å piffa opp kortkveldane i heimen når haustmørket set inn, eller har lyst til å hiva deg med på dei lokale bridgekveldane på Eldresenteret, er du hjarteleg velkommen til bridgekurs! Oppstart 22. oktober - på Eldresenteret. 

Er du litt nysgjerrig på korleis spelet føregår? Det kan du sjå nærare på i sentrum under Bønder i by’n laurdag 12. oktober.