80 år i grand og slem

Kortspel har i generasjonar vore eit populært og sosialt tidsfordriv, både i heimen og på andre møteplassar. Nokre av oss har tatt denne interessa litt lenger, gjerne i ein av landets bridgeklubbar. Hausten 2016 var det 80 år sidan Sauda sjakk- og bridgeklubb blei stifta. Denne artikkelen blei skrive til Sauda sogelag sitt årsskrift i 2017.
Kortspelet Bridge er historisk sett eit relativt ungt fenomen. Først i 1925 fekk spelet si noverande form etter å ha utvikla seg frå Whist, eit spel med referansar heilt tilbake til 1500-talet. Det nye spelet kom snart til Noreg, og Norsk bridgeforbund såg dagens lys i 1932. Speleinteresserte saudabuar samla seg hausten 1936 og skipa Sauda sjakk- og bridgeklubb.
Alt tyder på at det måtte ein tilflyttar til for å få organisert sjakk- og bridgeinteresserte i ein eigen klubb. Etter kva ein kjenner til var denne tilflyttaren ein Jensen, som skal ha vore forsikringsagent for Storebrand. Vår kunnskap om vedkomande avgrensar seg dessverre til det.
«Sjakk» blei vedtatt fjerna frå klubbnamnet på generalforsamlinga i april 1944. Det blei rett nok sett ned eit utval for å få sjakken i sving att i 1948, men det er det siste ein finn om denne tankesporten i Sauda bridgeklubb sine protokollar.
Kort om spelet
Bridge som spel minner litt om Amerikanar (og Whist, naturlegvis), men ein veit kven som er sin makker før spelet begynner. Meldingsfasen i bridge er langt meir utvikla og ein har eit mykje meir innvikla poengsystem. Ein har vidare eit bonussystem, der større risiko gir større poengbonus – om ein klarer det talet stikk ein har meldt ein skal ha - vel å merka.
Det finst to hovudformer for bridge. Medan ein i robberbridge er avhengig av gode kort for å få gode resultat, handlar det i duplikatbridge om å oppnå betre resultat samanlikna med dei andre som har dei same korta. Sistnemnde krev noko meir organisering og struktur, men er i dag den suverent dominerande forma.
Dei tidlege åra
Frå starten var det robberbridge som stod på programmet i den nystarta bridgeklubben. I krigsåra ser det imidlertid ut til at klubbmedlemmene har fått augo opp for den nyare og meir konkurranseretta speleforma. I årsmeldinga for 1944-1945, ført i pennen av sekretær Helge Johannessen, kan ein lesa:
«Foreningens spillested var et lokal i gamle Folkets Hus som vi av fagforeningen fikk benytte gratis. Det var stor interesse for bridge, men det blev bare spilt alminnelig robber, så det var ikke riktig fart i foreningen allikevel. Nye styre gikk derfor til innkjøp av de forskjellige turneringssystemer og forventningen uteblev heller ikke. Konkuransen blev spennende og moro, og medlemmene forstod snart at skulle en hevde seg måtte boka frem og lese teori også, både i meldinger og spill. Interessen blev kolosal og det lille lokal blev snart sprengt…»
Den kraftige veksten tvang bridgeklubben ut på husjakt, og løysinga var heldigvis ikkje langt unna. Den nye spelestaden blei Nye Folkets Hus’ lille sal, som ein fekk leiga to kveldar i veka. Innkjøp av nytt utstyr saman med husleigeutgifter førde til at medlemskontingenten måtte aukast til to kroner månaden, men likevel var ein avhengig av andre inntekter for å rekneskapen i balanse:
«Det bør fremheves at at det var vår iherdige kasserer Johannes Jørgensen som tok det tyngste tak med sitt kolosale ekstra arbeid ølsalget som gjorde at båten bar. Vi kan kan jo bare vise til foreningens store busjett , at han har vært en ærlig og tro tjener.»
Som ein kuriositet kan det nemnast at ølsal på spelekveldane følgde klubben så langt som til 1989…
Klubbkampar
Utan at ein kan seia det sikkert, er det ting som tyder på at Sauda bridgeklubb ikkje var første arrangøren av bridgekveldar i Sauda. Med auka interesse og større opplevd meistring, var tida inne for å utfordra Sauda Klubb til match, for «å lære og høste erfaringer». Måten ein omtalar motstandaren på, tyder på at herrane i funksjonærane si høgborg kan ha hatt eit forsprang på bridgefronten. Det verkar rimeleg, då det frekventerte medlemmer både frå hovudstaden og det store utland der oppe. Den første kampen fann i alle tilfelle stad alt i mai 1944 og «som ventet led vi et dundrende nederlag».
Tapet ser ikkje ut til å ha gått inn på dei «nyfrelste» i Sauda Bridgeklubb, heller motsett. Fleire gav seg i kast med å læra teori og nye, meir moderne, meldesystem. Klubbens sedvanlege fire månader lange sommarpause blei det så som så med; til det var interessa for stor. Og innsatsen gav resultat. Revansjematchen i februar 1945 endar med siger til Sauda Bridgeklubb i både a- og b-klassen, og det ganske grundig.
To månader seinare er det ny kamp, denne gongen mot Saudasjøen bridgeklubb. Om ein undervurderte motstandaren etter sigeren mot Sauda Klubb skal vera usagt, men årsaka til det knepne tapet mot ytrabygdingane blir ganske grundig gjort greie for i årsmeldinga.
Kapitulasjonen og freden «med all dens festrus» i mai 1945 gjer at saudabuen legg bridgen på hylla i fleire månader. Men ikkje alle. Det blir fortald at bridge var ei populær tidtrøyte for heimefronten sine folk som heldt vakt på Skaulen. Det er ikkje til å undrast over, med ivrige bridgespelarar som Petter Kjønbog og Einar Ringstrand i vaktstyrken. Ein Ramsnes er òg nemnd; her er ein usikker på fornamnet. Då førstnemnde var i Sauda for proviantering, stod ny kortstokk høgt på prioriteringslista då den dei hadde etter kvart var heilt utsliten. Kven fjerdemann i vaktlaget var, kjenner ein elles ikkje til…
Det blir spelt fleire kampar mot Sauda Klubb i etterkrigsåra. I bridgeklubben sine protokollar er det limt inn sirlege rekneskapsark frå slike kampar. Eller rekneskap og rekneskap; einkvan har tydlegvis sett at skjema for føring av laboratorierapportar frå smelteverket er dugande til føremålet. I staden for «Aggregates» og «Control Taps», står lagoppstillingane til dei to motstandarane. For bridgespelarane sin del er det å håpa at verdiane for sink, karbon, jern og mangan som er oppgitt under namna deira i skjemaene gjeld poeng i bridge og ikkje kroppsleg innhald av dei nemnde stoffa…
I mars 1949 tyder ordlyden i protokollen på at bridgeklubben har eit solid tak på sine tidlegare overmenn: «Turneringen mot Sauda Klubb var en fornøyelse. Den gikk som tidligere nevnt over tre kvelder som vi ledet fra start til innkomst. Etter mitt synspunkt hadde vi ikke noe annet at lære av Sauda Klubb enn den ro og orden som var preget over hele lokalet.» For Sauda Klubb spelte elles makkerpara Gramstad-Gramstad, Birkeland-Tønnessen, Johansen-Moe, Vesthassel-Reinertsen, Blegen-Berg, Christiansen-Skagen, Hanthun-Stensvold og Paulus-Isaksen, medan Sauda Bridgeklubb mønstra Birkeland-Kjønbog, Remseth-Skutle, Roalkvam-Espevold, Skoglund-Seim, Asbjørnsen-Bolstad, Paulsen-Olsen, Garstad-Malmquist og Natvig-Gothi.
Slike klubbkampar ser ut til å ha vore populære i etterkrigsåra. Bridgeklubben Tonjer frå Haugesund verkar å ha vore ein tøff motstandar ved fleire høve og dei drog på tur til Odda ei heil helg, med Kåre Ljung som sjåfør, og møtte ein av bridgeklubbane der til kamp. 11. november 1950 møter Sauda Tyssedal BK i ei makkerparturnering. Best av dei 18 deltakande makkerpara var Erik Andersen – Marvel Askildsen frå Sauda.
«Vi har så mange sinker blant oss»
Det er nok ikkje tilfeldig at sekretær Arne Bolstad slår fast at bridgeklubbens medlemmer ennå har litt å læra av oppførselen til funksjonærfolket rundt bridgebordet. Ved fleire høve blir etiketten, eller mangelen på denne, tatt opp. «Det har vært for meget høylytt diskusjon og surr», blir det mellom anna slått fast. Og spelestart om kvelden må flyttast fram til klokka 7, slik at ein ikkje held på langt ut over natta, då «vi har så mange sinker blant oss». «Skulde man få klubben koselig så dette blev en møteplass blant kammerater måtte man få all kiv og diskusjon bort» blir viseformann Jean Rydningen referert frå årsmøtet i 1946.
For å gjera ei lang historie kort; ein del av dette kunne med rette stått i referat også i dette tusenåret. Med høgt engasjement og stor innleving er det stundom vanskeleg å styra snakketøyet når ein ikkje finn fram til beste måte å løysa spelet på. Når det ikkje blir skrive ned i dag, handlar nok dette mest om at referata for 70 år sidan på mange måtar var meir direkte og detaljerte enn dei som blir laga i dag.
Fleire klubbar
Som nemnt fanst det ein aktiv bridgeklubb i Saudasjøen i 1945. Kor lenge denne då hadde eksistert er uvisst, men mykje tyder på at denne klubben ikkje heldt det gåande så mange åra etter dette. Sauda Klubb er også nemnt. Dette var naturligvis ikkje ein bridgeklubb i den forstand, men det blei spelt bridge der, sannsynlegvis frå før 1936 og i fleire tiår framover. Midt på 1950-talet avslår Sauda Klubb invitasjonen frå Sauda Bridgeklubb til klubbkamp; det er muleg dette er eit teikn på at oppslutninga på Klubben er dalande, eller i alle tilfelle svingande. Så seint som i 1968 møtest dei to klubbane til kamp, med Sauda Bridgeklubb som den sterkaste.
I 1954-55 dukkar brått Grand Bridgeklubb opp. Dei heldt til, som namnet tilseier, på Grand Hotell. Denne klubben skal ha vore ein typisk «ekteparklubb», noko dei få resultatlistene ein har tilgang på frå den tida stadfestar. Fleire av dei som speler der er tidlegare medlemmer i Sauda Bridgeklubb. Dette gjer at Sauda Bridgeklubb opplever ganske varierande oppslutnad på eigne spelekveldar i denne perioden, noko som igjen gir økonomiske utfordringar. Somme tar til orde for samanslåing, og både Grand Bridgeklubb og Sauda Damebridgeklubb, som blei skipa i 1953, er nemnd som mulege maker. Damebridgeklubben var i aktivitet til ein gong ut på 1990-talet.
Denne klubben hadde ein meir sosial profil enn Sauda Bridgeklubb, dei hadde mellom anna innlagt matpause i spelekveldane. Ein del av bridgedamene var elles medlem i begge klubbane. Når det gjeld Grand Bridgeklubb, forsvann denne rundt midten av 1960-åra.
Oppsummert blir dette heile fem bridgeklubbar i Sauda. Berre Sauda Bridgeklubb eksisterer i dag.
Kvinnelege saudameistrar
Med bridgeaktivitet i fleire leirar, var det gjerne ikkje så rart at ein tok til å leika med tanken på å få til ein konkurranse om kven som var dei beste bridgespelarane i Sauda. Den første saudameisterskapen i bridge blei arrangert over fire spelekveldar vinteren 1956. Vinnarar, med klar margin, og såleis dei første saudameistrar i bridge, blei Fru Jakobsen og Fru Pleym, som ein kan sjå i faksimilen frå «Ryfylke». Dei to fruene heitte høvesvis Ågot og Borghild. I protokollen til Sauda bridgeklubb blir det elles gjort eit poeng av at Grand Bridgeklubb ikkje såg seg i stand til å arrangera meisterskapen, noko det kan sjå ut som at dei heller ikkje gjorde i åra som følgde. Ved bridgebordet ser Grand-folket likevel ut til å kunna bita frå seg. I ei turnering over fire kveldar same haust vinn Grand BK klubbkampen mot Sauda BK overlegent, noko som får sekretær Torfinn Tønnesen til å karakterisera Sauda BK sine representantar som «ustabile middelmådige bridgespillere».
I 1957 er det Asbjørn Lian og Gustav Westin som kan titulera seg saudameistrar foran Elmer Rydningen – Marvel Askildsen. Saudameisterskapen i bridge blei avvikla kvart år til langt inn i dette tusenåret med Kjell Inge Seim - Tore Seim som mestvinnande med totalt 21 titlar.

Resultat frå saudameisterskapen i bridge i 1956. (Faksimile frå bladet Ryfylke).
På flyttefot
Det blir innleiingsvis nemnd at bridgeklubben i krigsåra fekk nytta eit lokale i gamle Folkets Hus gratis av fagrørsla, at ein vaks ut av dette og flytta spelekveldane over til det nye Folkets Hus’ lille sal. Dette er starten på det som må kunna kallast eit nomadisk tilvære rundt i Sauda. Sauda bridgeklubb har aldri hatt eige hus, men har i staden leigd og lånt spelelokale ei rekke stader.
Alt i oktober 1946 flyttar ein vidare frå Folkets Hus. No blir «Håndtverkeren» ny arena for spelekveldane - til ein pris av 7 kroner per spelekveld, «inkludert lys og varme». I årsmøtevedtaket frå 23. september 1946 går det klart fram at dette må reknast som ein midlertidig tilhaldsstad, då målet er Musikkhallen, som no er under bygging. «Man burde sende en ansøkning til formann i musikklaget så vi kunde være sikker at få leid, da det var mange om beinet» føreslår Eugèn Skoglund i same årsmøte – og får ein samstemt møtelyd med på dette.
Det blir etter kvart flytting til Musikkhallen. Og vidare til Grand Hotell og tilbake til Musikkhallen, og vi er enno ikkje komne lenger enn til 1950. Kva årsaka til denne voldsame flyttetrongen er går ikkje tydeleg fram, men ein kan likevel ana forsiktige ymt om at det har med økonomi å gjera.
I Musikkhallen held ein seg heilt til 1962. Då svingar bridgefolket ein tur innom Kløver Hotell & Kafè før ferda går til «Sauda Kafè» i Gamle Folkets Hus. Men så stenger denne kafeen dørene hausten 1965. Bridgeklubben startar sesongen 1965-66 med spelekveldar på Grand Hotell, men dårlege forhold der gjer at «Pernille», også det i Gamle Folkets Hus, blir ny spelestad. Då «Pernille» legg ned drifta vinteren 1966 blir Kløver igjen spelestad.
Ut over 1970-talet aukar husleigeprisen slik at fleire medlemmer tar til orde for igjen å bytta arena. Gjennom forhandlingar lukkast ein med å moderera auken noko, men til slutt er prisen ikkje lenger diskutabel; det kostar 50 kroner per spelekveld å leiga på Kløver. På nyåret i 1977 blir derfor langsalen i underetasjen i Sauda Klubb staden for bridgeklubben sine spelekveldar. Det var elles her artikkelforfattaren, saman med makker Knut Aabø, gjorde sin debut som klubbspelar, våren 1986.
Etter kvart fekk ein òg nytta storesalen på Klubben dersom den var ledig. Og det var han oftare og oftare.
Ut over 1990-talet blir tilværet på Klubben meir og meir usikkert. Drifta av Sauda Klubb verkar å gå mot slutten. Ferda går derfor over elva til Ungdomshuset, eller «Heppen», som det heitte på folkemunne. Her blir ein verande i nokre år, før endringar der gjer at Havnastova blir neste stopp.

Så, i 2008, er ringen på mange måtar slutta. Sauda Bridgeklubb flyttar tilbake til det som høyrest ut som det einaste rette lokalet for ein bridgeklubb, det som har det same namnet som ein kortfarge; Kløver. For fjerde gong, faktisk. For, på 1990- og tidleg 2000-tal, når aktiviteten i klubben var på sitt høgaste, blei det spela fast på Kløver om torsdagane – i tillegg til den faste måndagsspelinga.
Lokalt – regionalt - nasjonalt
Etter at aktiviteten tok steget frå robberbridge til duplikatbridge midt på 1940-talet, var det dei vanlege spelekveldane og ymse samanlagtturneringar over fleire kveldar som prega aktiviteten. Det blei spela ein og annan pokalkamp mot lokale klubbar og mot lag frå Sørfjorden (Odda og Tyssedal) og Haugesund (Augvald og Tonjer). Ein har nok samstundes følgd med på noko av det som har skjedd elles i Bridge-Noreg, men mykje tyder på at Sauda-spelarane har halde seg til bridgeaktiviteter i distriktet. Ei årsak har nok vore vanskelege reiseforhold. Ei anna at ein måtte ha medlemskap i Norsk Bridgeforbund for å kunna delta i kvalifisering til nasjonale meisterskap og større turneringar.
Medlemskap i bridgeforbundet kjem første gong på dagsorden i 1947. Så blir det stilt – heilt fram til 1962 - men heller ikkje då blir det meir enn prat. Det kostar nok meir enn det smakar å vera medlem – enno. Så – i 1964 – tar lysta til å bryna seg mot betre motstand overhand. For at klubben skal kunna spela kvalifisering til NM, må bridgeklubben og minst 16 av klubbens medlemmer vera innmeld i forbundet. Innmeldinga blir vedtatt med klart fleirtal, ein status ein har halde på sidan, med unnatak av nokre månader i 1966 då det hadde vore kluss med kontingentbetalinga.
Ein av konsekvensane av å vera forbundsmedlemmer, var at ein frå 1968 kunne dela ut rankingpoeng, såkalla meisterpoeng. I bridge blir topplassane i ei turnering, lita som stor, belønna med poeng i tre valørar; klubbpoeng, kretspoeng og forbundspoeng. Etter kvart som ein samlar poeng, oppnår ein ulike grader. I dag kan ein oppnå 11 ulike nivå her; dei øvste må ein nesten vera på internasjonalt nivå for å oppnå.
Frå 1. januar 1969 er Sauda Bridgeklubb tilslutta meisterpoengordninga. Alt det første året får klubben sine første «kløvermeistrar»; Gunnleiv Syslak og Elmer Rydningen. Tre medlemmer i Sauda BK er i dag stormeistrar, som er det niande nivået.
Ut over 1970-talet skjer ei markant endring på aktivitetsfronten. Ein ny, yngre generasjon bridgespelarar kjem til. Parallelt blir det lettare å reisa og det blir meir vanleg å ha bil. Dermed aukar aksjonsradiusen monaleg. Haugalandet, Sunnhordland, Bergen, Nord-Jæren, Sørlandet og Søraust-Noreg kjem nærare – og her speler ein også bridge! Representantar frå Sauda Bridgeklubb – unge som meir vaksne - er å sjå på resultatlistene frå større og mindre turneringar overalt – også i den øvste delen av listene!
Etter kvart tar Sauda BK også til å visa igjen i forbundet sine turneringar. (Bridge for lag kan samanliknast med måten fotballen i Noreg er organisert, med både divisjonssystem og cup). På sitt beste er Sauda på nippet til å rykka opp i første divisjon – landets øvste. Fleire gonger kjem Saudalag til femte runde i NM for klubblag (cupen), og får brynt seg mot spelarar med både meisterskapsmedaljar og landslagsoppdrag på merittlista. Til tider svingar det skikkeleg av Saudabridgen!
Godt lokalt nivå viser også att i Haugaland bridgekrets. Frå 1976 til 1991 vinn Sauda KM for lag heile ti gonger. Sentrale spelarar i denne perioden er brørne Kjell Inge og Tore Seim, Egil Nerheim, Einar Lunde og Knut Erik Ljung, supplert av Sverre Almenningen, Lars Sjøhus og bergensaren Helge Toft. I same periode blir det også fleire Sauda-sigrar i KM par, men det var i lagbridge Sauda verkeleg dominerte.

I år 2000 blei den første norske bridgefestivalen arrangert i Skien og har sidan vore eit årvisst arrangement, men i ulike byar frå år til år. Mange av Saudas spelarar har nytta dette høvet til å møta «likesinna» og kombinera bridge og sommarferie, i kamp om meisterpoeng, NM-titlar og gode opplevingar. Om medaljefangsten har uteblitt, har det likevel vanka ein og annan premie og «landslagsskalp» i innbyrdes oppgjer.
Opp og ned og…
Aktivitet og oppslutning lokalt har vore mildt sagt svingande dei 80 åra klubben har vore i drift. Slik opplever nok mange lag og organisasjonar det. Toppen når det gjeld deltaking på spelekveldane nådde ein mot slutten av 1980- og starten av 1990-åra. Den gongen var det ikkje uvanleg med 40 spelarar – ti bord - og då var det trongt om plassen nede i langsalen i Sauda Klubb! Denne toppen ser ein elles i både bridgekretsen og i resten av landet.
Ut over på 1990-talet klarte ein òg endeleg å realisera det dei mest ihuga spelarane i klubben hadde målbore ønske om i ein liten mannsalder; to spelekveldar i veka. Og torsdagsspelingane på Kløver, som gjerne hadde ein litt meir sosial profil enn måndagskveldane – og ingen samanlagtturneringar – hadde gjerne fem bords deltaking.
Medan ein gjerne gjennomførte 25-30 årlege spelekveldar på 1940-talet og mange år frametter, blei det i 2004 sett ein ganske solid rekord i så måte; dette året blei det avvikla ikkje mindre enn 100 spelekveldar!
I skrivande stund må ein diverre kunna slå fast at Sauda Bridgeklubb er nede i ein bølgedal, med 12-14 spelarar som det mest vanlege. Men – me er tilbake til to spelekveldar i veka. Iveren etter å spela kort er det med andre ord ingenting å seia på!
I dei tidlege åra var det ofte så som så med den økonomiska stoda i klubben. Det var, som eit sitat tidlegare i artikkelen beskriv, gjerne salet av øl og brus som gjorde at båten bar. Dei siste tiåra har situasjonen vore ein heilt annan. Den gode deltakinga på 1990- og tidleg 2000-tal gav overskot som blei godt forvalta og gav rom for investeringar i dels dyrt materiell. Datagitte kort, med dubleringsmaskin som las strekkodar på korta, blei standard i Sauda som ein av dei første klubbane i distriktet.
Populære turneringar lokalt
Med det gryande generasjonsskiftet tidleg på 1970-talet og den nemnde interessa for å delta i opne turneringar over land og strand, blei det etter kvart også naturleg å prøva å få til ei lokal turnering der ein inviterte naboklubbar og andre interesserte til å delta. I september 1976, i høve klubbens 40-årsjubileum, kunne ein invitera til jubileumsturnering over to dagar i Sauda Klubb. 40 makkerpar deltok og Leo Tvedt og E. Franzen frå Tyssedal stakk av med sigeren. Sauda Cup var med dette etablert, og turneringa blei arrangert kvart år etter dette. Ved 50-årsjubileet i 1986 deltok 48 par, med mange sterke, meritterte spelarar frå Bergen- og Stavangerområdet på startstreken. Brørne Sam Inge og Sven Olai Høyland, sogningar med base i Bergen, vann turneringa, der Tore og Kjell Inge Seim blei beste Saudapar med sin femteplass. Høyland-brørne blei for øvrig europameistrar for lag i 2017.
Tendensen for oppslutninga i Sauda var, til liks med andre turneringar i kretsen, dalande på denne tida, med unnatak av 50-årsjubileumsturneringa då. Kva skulle ein gjera? Legga ned, slik dei fleste andre valde, eller prøva noko nytt? Etter kvileskjèr med eindagsturnering i 1987 og 1988, gjekk ein inn for å prøva lagturnering som ein siste utveg i 1989. Det viste seg å vera eit lurt trekk. Frå moderate 13 lag i oppstartåret, balla det kraftig på seg. I mange år deltok i overkant av 20 lag (rundt 100 spelarar), men etter kvart som ein arbeidde meir aktivt med marknadsføring og turneringa fekk eit strålande omdømme som ei kjekk og sosial turnering, med opplegg både fredag kveld og laurdag etter spelinga, vaks ein rett og slett ut av Folkets Hus.
Dei siste åra turneringa vart avvikla, var Saudahallen arena. I toppåret 2011 stilte heile 37 lag med totalt over 150 spelarar til start; det gjorde Sauda Cup til største lagturneringa i landet utanom dei store turneringane under bridgefestivalen.
Etter mange suksessrike år, valde ein likevel å legge ned turneringa etter 2012. Med stadig færre medlemmer, blei eit arrangement på denne storleiken i tyngste laget for ein liten klubb. Det spesielle turneringskonseptet blei då «lånt vekk» til Haugesund – på ubestemt tid.
Frå 1980 til 2008 blei det òg arrangert ei eiga påsketurnering i Sauda. Med ei god blanding av lokale spelarar, utflytta saudabuar heime på påskeferie, påskegjester og tilreisande frå heile Haugalandet, blei det ofte godt frammøte på klubben skjærtorsdag. Fleire gonger, seinast i 1994, deltok 30 par. Flest sigrar i denne turneringa - 7 - står Paul Bang bokført med. Han vann både den første turneringa i 1980 saman med Sveinung Gothi og den siste arrangerte i 2008, denne gongen med karmøybuen Birger Pedersen. Premiane i denne turneringa bestod i mange år – praktisk nok – av påskeproviant.
Eldsjeler
Frivillige lag og organisasjonar som blir 80 år er avhengig av eldsjeler. Sauda Bridgeklubb er ikkje noko unnatak, og ein har opp gjennom tida hatt mange som har lagt ned ein uvurderleg innsats for klubben. Enkelte skil seg livevel ut., og Egil Nerheim må sjølvsagt nemnast her. Med 22 år som leiar i klubben gjennom tre periodar er han i særklasse den som har sete lengst i dette vervet. Ein annan er Kjell Inge Seim. Då han formelt takka av som oppmann foran sesongen 2013, hadde han innehatt verv i Sauda Bridgeklubb i 47 år, mellom anna med sit særskilt ansvar for å læra opp nye bridgespelarar – gjennom tallause bridgekurs i klasserommet «sitt» ved Fløgstad skule.
Det hadde likevel ikkje eksistert nokon bridgeklubb i Sauda om det ikkje var for alle dei ivrige bridgespelarane som opp gjennom åra har spelt i klubben – og over alt elles. Når ein først er hekta er det vanskeleg å styra seg. Kor mange gonger er det ikkje blitt spelt bridge i campinghytter og hotellrom om kvelden etter at ein har spelt turnering heile dagen – og skal spela dagen etter? For ikkje snakka om koseturneringar i dei sausiske bridgeheimar. Her kunne ein sjølvsagt ramsa opp tallause passande og mindre passande høve der kortstokken har kome fram – og ditto meir eller mindre passande, gode historiar frå desse. Det får bli ein annan gong. Eg vil likevel avrunda med eit sitat frå ein av dei mest ivrige bridgespelarane me har hatt i klubben, Lars Sjøhus, ein gong på 1980-talet. Som vanleg var blant bridgespelarar på den tida, stakk han innom den gamle Essostasjonen, der både Egil Nerheim og Nils Halleraker, også sistnemnde ivrig bridgespelar, hadde sitt daglege virke.
Tyssedølen Sjøhus, på sin umiskjennelege dialekt, til Egil Nerheim:
- Koss e da, e da nåke speling i helga?
- Men… skulle ikkje du i konfirmasjon då, Lars?
- Åå, eg har skofta mykje meir alvorlige ting enn det…
Adelskalenderen (flest oppnådde klubbpoeng) i Sauda BK; 01.01.1969-31.12.2016:
1 Kjell Inge Seim 28210
2 Tore Seim 23382
3 Egil Nerheim 16549
4 Arne Gothi 15010
5 Sverre Almenningen 14537
6 Odd Seim 12415
7 Sturla Seim 11543
8 Knut Atle Seim 11184
9 Leif Arne Halleraker 9781
10 Jan R. Melby 9583
(Totalt 217 spelarar har oppnådd poeng)
Meisterpoeng totalt Sauda BK (topp 10):
(1 meisterpoeng/forbundspoeng=10 kretspoeng=100 klubbpoeng)
Stormeister:
Tore Seim 930
Grandmeister:
Egil Nerheim 705
Arne Gothi 649
Sturla Seim 393
Odd Seim 332
Formenn i Sauda Bridgeklubb:
1946 J. Berntsen
1970 Leif Olsen
1973-1975 Jan Edvin Birkeland
1982-1984 Karl Gjetmundsen
2010-2011 Leif Arne Halleraker
2014-2016 Ingolf Rune Iversen
Kjelder:
Sauda bridgeklubbs protokollar frå 1944-2017
NBF Haugaland
Bridge.no
Arnvid Lillehammer: Soga om Sauda V
Oppdatert 14.05.2024 20:24